Om oss

Brandseth Fjellstove vart opna i 1977 av Johanna og Oskar Brandseth, og dei dreiv staden med overnatting og servering fram til byrjinga av nittitalet.

Dagens drivar, Erling Brandseth, flytte heimatt i 1988 og har vore her sidan.

Brandseth Fjellstove ligg vakkert til med utsyn over bygda, og omkransa av skog og flotte fjellområde. Kun nokre få kilometer frå eit av Norges mest fotograferte utsyn, Nærøydalen sett frå Stalheim. Her kan du og prøva Stalheimskleivi, den brattaste riksvegstrekninga i landet. I dag vel dei fleste å bruka tunnellane som fører rett ned i dalen og vidare til Gudvangen og Sognefjorden.

Matsalen vår har plass til 50 gjester og er ofte nytta til samkomer av ulikt slag: Barnedåp, bryllaup, årmålsdag, firmafest, etc.

Heilt sidan starten har me lagt vekt på å servera god heimelaga mat, noko våre gjester har sett stor pris på. Dette har vorte endå meir framheva dei siste åra, etter at lokalmatprosjektet Vossameny vart starta. Her har me vore aktive frå første stund med heimelaga kortreist mat, lokale råvarer servert i nye former, men forankra i gode mattradisjonar. Her kan våre gjester få servert tradisjonsmat med variasjon og me ynskjer at Brandseth Fjellstove skal vera ”staden for gode matopplevingar”.

Heile året tek me imot tingingar på utsending av mat til eitkvart høve. Til store og små samkomer, me leverar det de måtte ynskja, ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg matprat.

Dei seinare åra har me og levert mat i samband med Ekstremsportveko på Voss, høgt til fjells, ved elvebreidda og andre stader.

Catering med god heimelaga mat. Utleige av alt du treng til ditt selskap.
Kvalitet, fleksibilitet og god, personleg service i 30 år.