Tjenestar

Brandseth fjellstove driv i hovudsak med catering og utleige av alt du treng til ditt selskap. Me har 30 års erfaring, og ei mengde trufaste kundar som set pris på kvaliteten og fleksibiliteten me leverar.

Om du treng en kokk til å laga mat i ditt selskap, eller bygga nokon til å heilgrille en gris – så stiller me med mannskap og utstyr. Me leverer og mat til bryllaup, årsdagar, gravferd, firmafest og blåturar.

Same kva du planlegg, så kan me tilpassa alt slik det passar deg. Ta kontakt så vert me einige om en meny og skreddarsyr eit opplegg. Me har og faste menyar, om du ynskjer å gjere det enkelt og straumlinjeforma.

Brandseth Fjellstove tek dessutan imot gjester til selskap lokalt på fjellstova. Me har eigne menyar for det meste, og er fleksible for dine behov.